Olav Dalgard

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Olav Dalgard

Statsborgarskap Noreg
Fødd 19. juni 1898
Folldal
Død

25. desember 1980 (82 år)
Bærum kommune

Yrke skodespelar, filmregissør, manusforfattar, litteraturhistorikar, skribent, litteraturkritikar, dramaturg
Politisk parti Arbeidarpartiet
Medlem av Mot Dag
Born Odd Steffen Dalgard
Olav Dalgard på Commons

Olav Dalgard (19. juni 189825. desember 1980), òg Olaf Hansen, var ein norsk filmregissør, målmann og litteraturhistorikar.

Dalgard var fødd i Folldal og voks opp i Oppdal, som familien flytta til då han var tre år gammal. Han tok magistergraden i litteratur og kunsthistorie ved Universitetet i Oslo i 1929. Under studietida var han formann i Studentmållaget og aktiv i Mot Dag-rørsla.

Dalgard arbeidde som litteraturkritikar i Dagbladet og Arbeiderbladet. Frå 1931 var han dramaturg og instruktør ved Det Norske Teatret. Han studerte film i Sovjetunionen, og produserte i 1930-åra fleire filmar med sosialistisk bodskap. Dalgard var også aktiv i Arbeidarpartiet si kulturverksemd.

Under andre verdskrigen vart Dalgard i 1942 arrestert av dei tyske okkupantane og send til konsentrasjonsleiren Sachsenhausen.

Etter krigen skreiv Dalgard blant anna den norske teatersoga, Teateret frå Aiskylos til Ibsen (1948) og teoretiske arbeid om film. Han var delaktig i etableringa av Norsk Filminstitutt.

Dalgard var medlem av Statens filmråd, formann i Norsk litteraturkritikerlag 1953–55 og president i Human-Etisk Forbund 1965–77.

I 1961 vart Dalgard statsstipendiat. For arbeidet sitt mottok han i 1978 Norsk kulturråds ærespris. Han har lånt namnet sitt til Dalgards krititikarpris som vert utdelt årleg av Norsk kritikerlag til ein kritikar innan litteratur, film eller teater.

Verk[endre | endre wikiteksten]

Bøker
  • Frøydis Haavardsholm (1930)
  • Sosialt teater – sakprosa (1933)
  • Vi bygger fabrikken – talekor (1934)
  • Gjennom mørkret. Dikt frå fangelægret – lyrikk (1945)
  • Teateret frå Aiskylos til Ibsen – sakprosa (1948)
  • Filmskuespillet – sakprosa (1951)
  • Teateret i det 20. hundreåret – sakprosa (1955)
  • Lars Tvinde – biografi over Lars Tvinde (1966)
  • Inge Krokann – biografi over inge Krokann (1970)
  • Europeisk drama frå antikken til realismen – sakprosa (1972)
  • Samtid 1. Politikk, kunstliv og kulturkamp i mellomkrigstida – sjølvbiografi (1973)
  • Samtid 2. Krig og etterkrigsproblem – selvbiografi (1978)
  • Kunst og kunstnarar frå Oppdal i gammal og ny tid – sakprosa (1979)
Filmar
  • Samhold må til (1935)
  • Vi bygger landet (1936)
  • By og land, hand i hand (1937)
  • Det drønner gjennom dalen (1938)
  • Lenkene brytes (1938)
  • Gryr i Norden (1939)
  • Om kjærlighet synger de (1946)
  • Vi vil leve (1946)

Prisar og utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Artikkelen byggjer på ei omsetjing av tilsvarande artikkel frå bokmålswikipedia

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]