Norsk Tindemuseum

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Norsk Tindemuseum

Kart
Norsk Tindesenter
62°34′04″N 7°41′25″E / 62.56786°N 7.69022°E / 62.56786; 7.69022
Tindemuseet på Frydenlund

Norsk Tindesenter er eit norsk museum på Åndalsnes i Møre og Romsdal, like ved Åndalsnes stasjon. Det er ei vidareføring av Norsk Tindemuseum - Arne Randers Heens samlingar.[1]

Tindemuseet har effektar, bilde og historier frå norsk klatre- og fjellhistorie med vekt på Romsdalen. Museet viser klatresporten si utvikling frå pionertida fram til i dag. Heen har gjennom eit langt liv samla inn bilde og gjenstandar frå klatresporten si historie i romsdalske og norske fjell. I tillegg får ein innblikk i Arne Randers Heen sine mange ferder gjennom eit langt og eventyrleg liv.

Norsk Tindemuseum låg på Frydenlund, like ved Åndalsnes. Ei stifting oppretta av Arne Randers Heen og Bodil Roland Heen driv museet, stiftinga er gitt i gåve til Rauma kommune. Styret i Norsk Tindemuseum vedtok i 2007 å flytte museet til eit meir sentralt lokale i Åndalsnes sentrum. Rabben Barnehage kjøpte eigedommen til Tindemuseet på Frydelund.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Vår historie», tindesenteret.no, henta 25. juli 2021 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]