Norsk Wikipedia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Norsk Wikipedia var namnet åt den norskspråklege utgåva av Wikipedia frå 2001 til 2005. Dette var opphavleg ei utgåve som omfatta alle dei norske målformene.

I 2004 vart det oppretta ei eiga utgåve for nynorsk, og året etter gjekk den fellesnorske utgåva over til å vera ei utgåve for bokmål og riksmål.

Det eksisterer dermed i dag to norskspråklege utgåver av Wikipedia:

Norsk Wikipedia er ei av dei eldste Wikipedia-utgåvene og vart oppretta same år som Wikipedia-prosjektet vart grunnlagd, som den 16. og siste utgåva som vart grunnlagd i 2001. Det er den nest eldste av dei skandinaviske utgåvene, men prosjektet var inaktivt i lengre tid, og vart først gjenoppliva hausten 2003 etter at prosjektet skifta frå UseModWiki til fase 3-programvara, som då allereie hadde vore brukt av dei fleste større prosjekta sidan 2002. Oppgraderinga skjedde 15. desember 2003 og den første dagen registrerte rundt ti personar seg som brukarar. Dei fleste eksisterande artiklane (ca. 700) vart sletta eller fullstendig nyskrivne i løpet av desember 2003-januar 2004, og talet artiklar hadde ved utgangen av 2004 nådd 15 000. Dermed var norsk Wikipedia i denne perioden ei av dei snøggast vaksande utgåvene.

I februar 2006 vart bokmål- og riksmålsutgåva den 13. utgåva som passerte 50 000 artiklar, og eit år seinare den 14. til å nå 100 000 artiklar. Utgåva er no den 13. største utgåva etter tal artiklar.[1] Den 30. januar 2008 passerte Norsk Wikipedia på bokmål og riksmål 150 000 artiklar, og den 13. desember same år passerte den 200 000 artiklar.

Ettersom norsk, dansk og svensk er innbyrdes forståelege språk har det heilt frå byrjinga i varierande grad vore eit samarbeid mellom dei skandinaviske utgåvene. Dette var frå 2002 organisert i nettverket WIKIng og seinare gjennom skanwiki-seksjonen på Wikimedias metawikisite. Ein del av samarbeidet er delinga av anbefalte artiklar mellom dei forskjellige skandinaviske utgåvene, som byrja i 2004. I oppbyggjingsfasen (2003, byrjinga av 2004) baserte norsk Wikipedia seg særleg på import av artiklar frå den då klårt større danske utgåva.

Norsk Wikipedia brukte opphavleg adressa no.wikipedia.com. I samband med at Wikipedia gjekk over frå å bruke wikipedia.com til å bruka wikipedia.org som hovuddomene vart adressa endra til no.wikipedia.org. Denne adressa vart behalden etter at utgåva i 2005 gjekk over til berre å omfatta bokmål og riksmål.

Utgåva på nynorsk brukar adressa nn.wikipedia.org.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikipediabokmål og riksmål