Notabene

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Notabene er eit uttrykk av latinsk opphav som tyder 'vel å merke' eller 'legg godt merke til. Det har forkortinga NB.[1]

Det latinske nota bene kjem av latin imperativ nota 'merk' og bene 'vel'. Grammatikalsk står uttrykket i forma singularis imperativ og instruerer lesarane merke seg det som følgjer.[2] Pluralisforma er notate bene.

I engelsk nyttar ein gjerne forkortinga «N.B.», i norsk forkortinga «NB» eller «NB!». Forkortinga kan brukast i løpande tekst eller framfor eit teksttillegg.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «notabene» i Nynorskordboka.
  2. 2,0 2,1 «notabene». Store norske leksikon (på norsk bokmål). 8. mars 2019.