Noteć
Noteć | |||
elv | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Nedslagsfelt | 17 330 km² | ||
Lengd | 388 km | ||
Munning | Warta | ||
![]() Noteć | |||
Wikimedia Commons: Noteć | |||
Noteć (tysk Netze, latin Natissis) er ei elv sentralt i Polen og med ei lengd på 388 km er ho den sjuande lengste i landet. Nedslagsfeltet hennar er 17330 km². Ho er ei av sideelvane til Warta og ligg berre innanfor Polen sine grenser.
Ho renn ut av Kujaviskpommerske voivodskap, gjennom Storpolske voivodskap og Lubusz-voivodskapet, og munnar ut i Warta nær Gorzów Wielkopolski.
Netzedistriktet var eit område nær elva i Kongedømet Preussen frå 1772 til 1793.
Byar[endre | endre wikiteksten]
- Inowrocław
- Izbica Kujawska
- Kruszwica
- Pakość
- Barcin
- Labiszyn
- Nakło nad Notecią
- Ujście
- Czarnków
- Wieleń
- Krzyż Wielkopolski
- Drezdenko
- Landsbyen Santok nær Gorzów Wielkopolski
Sjå òg[endre | endre wikiteksten]
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Noteć» frå Wikipedia på engelsk, den 15. mai 2008.