Novgorod-traktaten (1326)

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Republikken Novgorod (grøn øvst) i 1237.

Novgorod-traktaten var ein traktat mellom Noreg og Republikken Novgorod vedteke den 3. juni 1326 i Novgorod. Avtalen markerte avsluttinga på tiår med norsk-novgorodske tvistar om grensa i Finnmark. Vilkåra var ei våpenkvile i 10 år. Få år tidlegare hadde Republikken Novgorod slutta ein fredstraktat med Sverige, Nöteborg-traktaten.

Traktaten fastsette ikkje grensa i eigenleg forstand, men fastsette snarare kva for samar som skulle betala skatt til Noreg eller Novgorod, og det vart danna ei slags buffersone mellom landa. Traktaten vart verande i kraft heilt fram til 1800-talet og vart aldri oppsagt av nokre av partane. Traktaten førte samane inn i ein situasjon der dei måtte betala skatt til alle omgjevande statar samstundes, mellom desse til svensk-finske birkarlar (handelsmenn).

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • S. N. Valk (red.): Gramoty Velikogo Novgoroda i Pskova (Moscow og Leningrad: AN SSSR, 1949), s. 69-79: Traktaten på latin og russisk