Novo mesto
45°48′0″N 15°10′3″E / 45.80000°N 15.16750°E
| Novo mesto | |||
| kommune | |||
Utsyn over Novo mesto | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Statistisk region | Søraust-Slovenia | ||
| Areal | 298,5 km² | ||
| Folketal | 24 700 (2025[1]) | ||
| Grunnlagd | 1365 | ||
| Postnummer | 8000 | ||
| Retningsnummer | (+386) 07 | ||
![]() Novo mesto 45°47′53″N 15°09′46″E / 45.798055555556°N 15.162777777778°E | |||
| Wikimedia Commons: Novo Mesto | |||
| Nettstad: https://www.novomesto.si | |||
Novo mesto er ein by og ein bykommune i den statistiske regionen Søraust-Slovenia i Slovenia. I 1998 blei Dolenjske Toplice, Mirna Peč og Žužemberk skilde ut frå Novo mesto og oppretta som eigne kommunar,[2] og i 2006 blei Šmarješke Toplice og Straža skilde utsom eigne kommunar.[3]
Novo Mesto ligg ved elva Krka i den tradisjonelle regionen Dolenjska i Slovenia, og sjølve byen har om lag 25 000 innbyggjarar. Byen vert rekna som det økonomiske og kulturelle senteret i regionen. I 2006 vart han sete for eit katolske bispedøme.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Novo mesto, som tyder «ny by» vart grunnlagd som Rudolfswert (slovensk Rudolfovo) den 7. april 1365, kalla opp etter grunnleggjaren erkehertug Rudolf IV av Austerrike. Området der byen ligg har vore busett sidan førhistorisk tid.
Etter den første verdskrigen og Austerrike-Ungarn vart oppløyst, vart byen offisielt Novo mesto. På tysk vart han òg kalla Neustadtl. Under den andre verdskrigen gjekk byen fram og tilbake mellom Tyskland og Italia, før tyskarane til slutt tok kontroll over han.
I 1958 vart ein motorveg mellom Ljubljana og Zagreb i Kroatia bygd ferdig. I dag er denne vegen ein del av Europaveg 70. Med denne motorvegen vart Novo mesto langt betre knytt til resten av Slovenia og Jugoslavia, og vart gradvis eit viktig regionssenter.
Folketal
[endre | endre wikiteksten]Folketalet i dei største busetnadene i kommunen ved dei siste folketeljingane var:[a]
| Folketal 2002[4] | Folketal 2011[1] | Folketal 2021[1] | |
|---|---|---|---|
| Novo mesto | 22 415 | 23 341 | 23 878 |
| Otočec | 683 | 776 | 849 |
| Uršna sela | 588 | 626 | 619 |
| Smolenja vas | 464 | 487 | 527 |
| Velike Brusnice | 498 | 502 | 493 |
| Kommunen Novo mesto | [b]40 925 | 36 296 | 37 398 |
Galleri
[endre | endre wikiteksten]- St. Nikolas-kyrkja.
- Novo mesto ved Krka.
Merknader
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Folketeljingane i 2011 og 2021 er gjennomførte som registerbaserte teljingar.
- ↑ Medrekna dei noverande kommunane Šmarješke Toplice og Straža.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Novo Mesto» frå Wikipedia på engelsk, den 25. april 2009.
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- 1 2 3 «Population by sex and by age, municipalities and settlements, Slovenia, annually». Statistični urad Republike Slovenije (SURS) (Republikken Slovenias statistiske kontor). Henta 1. september 2025.
- ↑ «Zakon o spremembah in dopolnitvah zakona o ustanovitvi občin ter o določitvi njihovih območij (ZUODNO-B), stran 4017. (Lov om endringar i og tillegg til lov om oppretting av kommuner og fastsetjing av deira område (ZUODNO-B), side 4017.)». Glasilo Uradni list RS (Offisielt lysingsblad for Slovenia) 56/1998. 7. august 1998. Henta 1. september 2025.
- ↑ «Zakon o spremembah in dopolnitvah Zakona o ustanovitvi občin ter o določitvi njihovih območij (ZUODNO-E), stran 2837. (Lov om endringar i og tillegg til lov om oppretting av kommuner og fastsetjing av deira område (ZUODNO-E), side 2837.)». Glasilo Uradni list RS (Offisielt lysingsblad for Slovenia) 27/2006. 13. mars 2006. Henta 1. september 2025.
- ↑ «Population, settlements, Slovenia, census 2002». Statistični urad Republike Slovenije (SURS) (Republikken Slovenias statistiske kontor). Henta 1. september 2025.

