Novo mesto
Novo mesto | |||
by | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Areal | 33,3 km² | ||
Folketal | 24 183 (1. januar 2020)[1] | ||
Grunnlagd | 1365 | ||
Postnummer | 8000 | ||
Retningsnummer | (+386) 07 | ||
![]() Novo mesto 45°47′53″N 15°09′46″E / 45.798055555556°N 15.162777777778°E | |||
Wikimedia Commons: Novo mesto municipality |
Novo mesto er ein by i regionen Dolenjska i Slovenia. Han ligg ved elva Krka og har om lag 25 000 innbyggjarar. Byen vert rekna som det økonomiske og kulturelle senteret i regionen. I 2006 vart han sete for eit katolske bispedøme.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Novo mesto, som tyder «ny by» vart grunnlagd som Rudolfswert (slovensk Rudolfovo) den 7. april 1365, kalla opp etter grunnleggjaren erkehertug Rudolf IV av Austerrike. Området der byen ligg har vore busett sidan førhistorisk tid.
Etter den første verdskrigen og Austerrike-Ungarn vart oppløyst, vart byen offisielt Novo mesto. På tysk vart han òg kalla Neustadtl. Under den andre verdskrigen gjekk byen fram og tilbake mellom Tyskland og Italia, før tyskarane til slutt tok kontroll over han.
I 1958 vart ein motorveg mellom Ljubljana og Zagreb i Kroatia bygd ferdig. I dag er denne vegen ein del av Europaveg 70. Med denne motorvegen vart Novo mesto langt betre knytt til resten av Slovenia og Jugoslavia, og vart gradvis eit viktig regionssenter.
Galleri
[endre | endre wikiteksten]-
St. Nikolas-kyrkja.
-
Novo mesto ved Krka.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 «Prebivalstvo - izbrani kazalniki, naselja, Slovenija, letno». Henta 28. april 2021.
- Denne artikkelen bygger på «Novo Mesto» frå Wikipedia på engelsk, den 25. april 2009.