Numismatikk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Numismatikk er vitskapen eller læra om myntar, men i ein viss mon òg pengesetlar og medaljar, og den systematiske samlinga av framfor alt myntar. Det som gjeld pengesetlar kan reknast til numismatikken som ei undergruppe, og samling av pengesetlar vert ofte omtala som notafili.

Mynt- og setelssamling føregår nesten som filateli. Ein numismatikar er oppteken av at myntane og setlane i samlinga hans er av god kvalitet, dess mindre ein mynt/setel er nytta dess meir verdifull er han for ein samlar. Numismatikarar gjer ei kvalitetsvurdering av myntar og setlar for å finna rett samlarverdi eller utsalspris. Ei såleis kvalitetsvurdering gjer ein ved hjelp av ein standard kvalitetvurderingsskala, somme land nyttar ymse kvalitetvurderingsskalaar.

Kvalitetvurderingsskalaar[1]
Amerikansk Internasjonal Norsk Skildring for myntar Skildring for setlar
Proof Proof Proof Mynt som er produsert på ein spesiell måte. Denne kvalitetsgraderinga er det berre samlarmyntar som kan oppnå, ikkje vanleg sirkulasjonsmynt. Setel som er produsert på ein spesiell måte. Denne kvalitetsgraderinga er det berre samlarsetlar som kan oppnå, ikkje vanleg sirkulasjonssetel.
MS60-MS70 UNC — Uncirculated 0 Usirkulert mynt. Rett frå myntverket, utan slitasje, men få syltynne riper kan førekoma. Usirkulert setel. Ubrukt setel, ingen brettar.
MB50-MS58 AU — About uncirculated 0/01 Nesten usirkulert mynt. Inkje spor etter slitasje, berre veike merke på dei høge punkta på mynten "kabinettslitasje." Nesten usirkulert setel. Setelen har vore i ein teljemaskin, synleg teljemerke. Det kan vera éin veik brett.
MS40-MS45 EF(XF) — Extremly fine 01 Eit særs pent eksemplar. Merke etter pent bruk. Har enda glans, men kan ha nokre få veike riper. Eit særs pent eksemplar. Merke etter pent bruk. Mindre enn tre veike brettar, hjørne byrjar å verta avrunda.
MS20-MS35 VF — Very fine 1+ Eit pent eksemplar. Tydeleg teikn på å ha vore i sirkulasjon. Store riper, glans på veg til å forsvinna. Detaljar byrjar å slipa bort. Eit pent eksemplar. Tydeleg teikn på å ha vore i sirkulasjon. Litt slitasje; somme flekkar, men ingen riftar. Hjørne ikkje heilt avrunda.
MS 12 F — Fine 1 Eit fullgodt eksemplar. Særs tydeleg teikn på å ha vore i sirkulasjon. Glansen har forsvunne pga. særs mange riper. Nokså tydelege detaljar. Eit fullgodt eksemplar. Særs tydeleg teikn på å ha vore i sirkulasjon. Ein del brettar og delvis mjuk setel. Setelen har klåre fargar, men ikkje naudsynt sterke.
MS 8 VG / G — Very good / Good 1- Eit ikkje fullgodt eksemplar. Godt nytta mynt. Mange riper. Detaljar mindre tydelege. Eit ikkje fullgodt eksemplar. Godt nytta setel. Hjørne godt slitt og avrunda. Kan vera rifter, og hòl i midten av setelen av all brettinga. Litt misfarge og flekkar. Papiret er ganske mjukt, men framleis ein fullkomen setel, manglar ingen bitar. Det kan vera skrift på setelen.
MS 2 FR — Fair 2 Dåleg eksemplar. Alle detaljar og bokstavar er flata ut, kanten på mynten er slitt ned. Nokre kjennemerke og årstal er synleg. Dåleg eksemplar. Særs godt nytta setel. Stor slitasje; store flekkar, misfarge og store riftar. Setel nesten riven i to eller fleire delar.
PR — Poor 3 Særs dåleg eksemplar. Ein særs skada mynt med full av rust, mynten kan ikkje kjennest igjen. Særs dåleg eksemplar. Setelen kan vera delt i to, fleire riftar, store eller fleire små hòl eller teipa saman.

Numismatikk er gjerne organisert som spesialstudium eller spesialområde innanfor fag som kunsthistorie og arkeologi.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Kvalitetsvurdering», www.rogaland-myntklubb.com, henta 8. juli 2022 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]