Ny Musikk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Ny Musikk er ein norsk interesseorganisasjon for samtidsmusikk som vart skipa etter initiativ frå Pauline Hall 17. september 1938, saman med mellom andre Harald Sæverud. Ny Musikk er ei nasjonal avdeling av International Society for Contemporary Music, ISCM. Medlemmer kan vere både aktive utøvarar, komponister og andre interesserte.

Ny Musikk arrangerer konserter, deltek på festivalar, driv bistand overfor nye kunstnarar via si lokalavdeling Ny Musikks Komponistgruppe, og er ellers pådrivar i ulike miljø der samtidsmusikken har interesse. I perioden 1976-1988 hadde foreininga ansvaret for å drifta av Ny Musikks Ensemble, som var det første reine samtidsmusikkensemble i Noreg. Dette vart erstatta i 1989 av ensemblet Cikada, som sidan har hatt ein meir sjølvstendig funksjon i forhold til foreininga.

I perioden 1978-1995 gav Ny Musikk ut kvartaltidsskriftet Ballade, som var et viktig debattforum for den nye musikken i Noreg. Etter 2000 har tidsskriftet Parergon i nokon grad fylt den same rolla, men hatt ei friare stilling i høve til foreininga.

Ny Musikk har sitt sekretariat i Platous gate 18 (Oslo), og har lokale avdelingar i Østfold, Kristiansand, Stavanger, Bergen, Trondheim, Nordland, Tromsø og Harstad.

Leiarar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]