Nyainqêntanglha

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Nyainqêntanglha
fjell
TibetanMountains14.jpg
Land Flag of the People's Republic of China.svg Kina
Region Damxung i Tibet
Fjellkjede Nyainqêntanglha Shan
Høgd 7 162 moh.
Koordinatar 30°22′15″N 90°35′09″E
Wikimedia Commons: Nyainqêntanglha Mountains

Nyenchen Tanglha eller Nyainqêntanglha, tibetansk གཉ་ཆེན་ཐང་ལྷ་ ('Gnyan-chen-thang-lha') kinesisk 念青唐古拉山 (pinyin 'Niànqīngtánggǔlā Shān') er ei fjellkjede som ligg i Nyingchi-prefekturet i sentrale Tibet.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Fjellkjeda har meir enn tretti toppar som er over 6000 moh., fire av dei når over 7000 moh. Ho deler Tibet i to og skaper eit vasskilje mellom elvane Yarlung Zangbo (Brahmaputra) og Nu (Salwin).

Det høgaste punktet er fjellet med same namn som kjeda, Nyainqêntanglha feng, som er 7162 moh. og blei klatra første gongen i 1986 av ei gruppe japanske fjellklatrarar.[1] (andre kjelder seier 7088 moh.).

Fjellkjeda ligg sør for innsjøen Namtso (Tengrinor), den andre største saltvassjøen i Tibet. Den næraste byen er Yangpachen. Nyainêntanglha ligg rundt 30 mil nordvest for Lhasa.

Religiøs tyding[endre | endre wikiteksten]

Nyainêntanglha tyder 'grassletteguden' på tibetansk. I følgje tibetansk folketru er guden for fjellet gift med gudinna for den heilage Namtso-sjøen, og det finst mange soger og songar om desse. Gudeparet, gjennom dei fysiske symbola sine, blir særleg dyrka i saueår, ettersom dei begge skal ha blitt fødde i eit slikt år.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]