Nynazisme

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Nynazisme er ei nemning på grupper som held oppe nazistisk ideologi og delvis praksis i etterkrigstida, det vil seie etter 1945, då Hitler-regimet fall. Nynazistar vil gjerne òg leggje stor vekt på historie-revisjonisme, det vil seie holocaustfornekting og generell apologi for Nazi-Tyskland. Tilsvarande grupper i høve til regima til Francisco Franco og Benito Mussolini, kan kallast ny-fascistiske. På den ekstreme høgresida finst det i mange land grupperingar med slike tendensar i ulik grad.