Francisco Franco

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Tilsølt Franco-portrett.

Francisco Franco, eller med fullt namn Francisco Paulino Hermenegildo Teódulo Franco y Bahamonde Salgado Pardo de Andrade (4. desember 189220. november 1975). Kjend òg som Francisco Franco Bahamonde eller nokre gonger som Generalísimo. Francisco Franco, var diktator av Spania frå 1939 tilhan døydde i 1975. Kjend som El Caudillo de España ("føraren av Spania"), leidde han det autoritære regimet i Spania etter sigeren i den spanske borgarkrigen.

Han deltok mellom anna i spanske krigar i Afrika. I 1936 slo han seg saman med den høgreekstreme «nasjonalist»-rørsla for å kjempa mot den venstreorienterte spanske regjeringa. I borgarkrigen nytta han elitetroppar frå Nord-Afrika, blant dei mange afrikanske og arabiske leigesoldatar.

Dei fascistiske regima i Tyskland og Italia nytta høvet til å senda stønad. Sovjetunionen sende noko stønad til den lovleg valde regjeringa, men det synte seg å ikkje vera nok. Frivillige antifascistar frå mange land fór òg til Spania for å hjelpe til, men overmakta vart for stor. Vestmaktene heldt seg til «ikkje-innblandingsavtalen» som dei hadde gjort med dei fascistiske diktatorane, og Franco gjorde inntog i Madrid den 28. mars 1939.

Under den andre verdskrigen heldt Franco Spania nokolunde nøytralt, men sende likevel ein «frivillig» spansk legion til å kjempa saman med tyskarane på austfronten mot Sovjetunionen.

Det er ein diskusjon i kva grad styresettet til Franco var fascistisk i snever meining, kanskje kan det heller kallast eit autoritært enn eit totalitært diktatur. Vekta låg på ro og orden, og ikkje på ein politisk visjon om endring. Styringa var konservativ, tradisjonalistisk og sterkt høgreorientert. Men vektlegginga av endring og stabilitet kunne variere i andre land med fascistisk eittpartidiktatur òg. Fascismen kan vere både revolusjonær og tilbakeskodande på ein gong i ulik grad etter som det høver.

I 1947 proklamerte Franco at Spania skulle vera eit monarki, men lét vera å utpeika ein konge. Dei formelle titlane hans var "Jefe del Estado" (statssjef) og "Generalísimo de los Ejércitos Españoles" (høgaste general i det spanske forsvaret). Personleg hadde han tittelen "por la gracia de Dios, Caudillo de España y de la Cruzada". Eller "med nåde frå Gud, Caudillo av Spania og av krosstoget." Nemninga «Guds nåde» er berre nytta av monarkar.

Han døydde 20. november i 1975, på den same datoen som José Antonio Primo de Rivera, grunnleggjaren av det fascistinspirerte Falangistpartiet. Det er spekulert i om legane heldt han kunstig i live til denne symbolske datoen. Etterfylgjar vart kong Juan Carlos I av Spania.

Dei fleste spanske byane hadde ei gate oppkalla etter Franco, calle del Generalísimo. Etter at Franco døydde har namna vorte endra.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Francisco Franco