Benito Mussolini

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Mussolini til venstre for Adolf Hitler under ei vitjing til okkuperte Jugoslavia.

Benito Amilcare Andrea Mussolini (29. juli 188328. april 1945) var ein italiensk diktator, kalla Il Duce, leiar i landet frå 1922 til 1943. Han er kjend som «far til fascismen» og styrde landet med bruk av vald, propaganda og total kontroll av media.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Mussolini vart fødd i den italienske landsbyen Predappio den 29. juli 1883. Han var son av Alessandro Mussolini og kona Rosa. Han vart kalla opp etter Benito Juarez, den meksikanske venstrepolitikaren og presidenten. Han var lenge aktiv sosialist, og arbeidde i nokre år som sekretær i sosialistpartiet i Forli, og redaktør i den lokale klassekamp- avisa, «La Lotta di Classe». Då Italia gjekk til krig mot Tyrkia i 1911, vart Mussolini fengsla for å ha distribuert pasifistisk propaganda. Seinare flytta han til Milano for å verta redaktør for sosialistpartiet si offisielle avis, «Avanti». I Milano vart han ein leiarfigur i sosialistmiljøet.

I 1914 tok den fyrste verdskrigen til. Mussolini var mot krigen, og meinte at Italia burde halda seg utanom. Nokre månadar etter krigsutbrotet endra han meining. Han melde seg ut av sosialistpartiet og sa opp redaktørstillinga.

Fascismen blir til[endre | endre wikiteksten]

Etter krigen fann han opp den nye politiske retninga fascismen. Dei fascistiske kampgruppene fór rundt i landet og terroriserte sosialistane, som Mussolini no hata meir enn nokon andre. Styresmaktene såg gjennom fingrane med denne verksemda, og rikfolk stilte med lastebilar for transport. Etter marsjen mot Roma (der Mussolini køyrte det meste av vegen med tog i sovevogn) vart han gjord til regjeringssjef i ei borgarleg koalisjonsregjering frå 1922, og etter ei gradvis utbygging av makta til fascistane, var landet frå 1927 ein fascistisk eittpartistat. I 1925 vart leiaren for sosialistane, Giacomo Matteotti, bortførd og myrda som ledd i denne prosessen.

Etter at Adolf Hitler tok makta i Tyskland i 1933 vart Italia etter kvart alliert med Tyskland. Tyske og italienske styrkar kjempa saman i den spanske borgarkrigen, på general Franco si side, mot den venstreorienterte Folkefronten.

Mussolini hadde tankar om at Italia skulle verta ei stormakt på line med Romarriket. Mellom anna difor invaderte Italia Etiopia og Albania.

Italia vart med i den andre verdskrigenTyskland og Japan si side. Etter at Italia vart invadert av dei allierte i 1943 vart Mussolini avsett. Tyskarane okkuperte då dei nordlege delane av Italia, og Mussolini fekk styra i namnet der.

Mussolini vart avretta av italienske anti-fascistiske partisanar i april 1945. I tysk uniform hadde han prøvt å rømma til Bayern over Sveits. Han vart fanga, skoten og hengd opp ned i ein garasje saman med elskarinna si.

Ettermæle[endre | endre wikiteksten]

Mussolini var ein brutal diktator som tok Italia inn i ein krig dei skulle tapa. Likevel er han fortsatt populær blant ein del italienarar.

Barnebarnet Alessandra Mussolini er medlem av det italienske parlamentet, og gjorde eit poeng av å setja seg på bestefaren sin tidlegare plass.

Etterfølgjarpartiet til det italienske fascistpartiet, Aleanza Nazionale, var ein del av Silvio Berlusconi si borgarlege koalisjonsregjering, som måtte gå av etter valnederlaget i 2006.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Benito Mussolini