Nynorsk boklista

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Nynorsk boklista er ei oversikt over tekster prenta på nynorsk og dialekt mellom 1646 og 1935. Dei to første banda vart laga av Anton Aure. Det første gav han ut på eige forlag i 1916. Heile tittelen var: Nynorsk boklista, skrifter i bokform på norsk - bygdemål og landsmål - 1646-1915. Andre bandet gav han ut i 1921. Det dekte tida 1916-1921. Han var og i gang med det tredje bandet då han døydde. Det vart gjort ferdig av Olav Dalgard i 1926. Det fjerde og siste bandet vart laga av Arne Gallis i 1942.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Idar Stegane: Anton Aure - den nynorsk bibliografen. Romsdal Sogelag årsskrift 1984.
  • Sigmund Skard:Norsk boksamling grunnlagd av Anton Aure. Nordisk tidskrift för bok- och biblioteksväsen / 1928
  • Norsk Allkunnebok. Fonna Forlag. 1948