Anton Aure

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Anton Aure

Anton Magnus Aure (15. januar 188418. juli 1924) var ein norsk lærar, målmann, redaktør, boksamlar og bibliograf. Han var fødd i Fræna i Romsdal. Han er mest kjend for å ha skrive dei tre fyrste banda av Nynorsk boklista, ein bibliografi over litteratur på nynorsk.

Tidleg liv[endre | endre wikiteksten]

Han gjekk Møre folkehøgskule i Ørsta frå 1903 til 1904 og lærarskulen i Volda i perioden 1909–1911. Han var deretter lærar ymse stader på Vestlandet, Sørlandet og i Telemark.

Ved sidan av skulearbeidet var han ein ivrig boksamlar og samla opplysningar til ein stor nynorsk bibliografi. I 1919 vart han statsstipendiat, og kunne arbeide i Universitetsbiblioteket. I 1924 døydde han etter ei lang tid med sjukdom, berre 40 år gammal. Han var gift to gonger, men begge hustruene døydde etter kort tid.

I 1918 byrja Aure å gje ut eit nynorsk månadstidsskrift, Ung-Norig. Kvart nummer vart gjerne innleidd med ei skildring av ein nynorskforfattar. Desse forfattaropplysningane var det Aure sjølv som skreiv.

Boksamlar[endre | endre wikiteksten]

Ex libris for «Norsk Boksamling», teikna av Gerhard Munthe

Aure byrja å samle bøker omkring 1900. Han seier sjølv i Ungdom og bøker at han alt 16–17 år gammal sette seg føre å samle all nynorsk litteratur. Han var særleg oppteken av bygde- og folkelitteratur på nynorsk. Dette var eit område som var lite interessant for dei fleste andre samlarane. Han kom i kontakt med alle som utgav nynorsk litteratur i Noreg, og i sommarferiane drog han omkring og leitte etter bøker. Aure bygde dermed etter kvart opp ei stor boksamling med nynorsk litteratur, mellom 40 og 50 hyllemeter. Dessutan hadde han aviser, autografar og brev i samlinga si.

Like før han døydde, gav han Det norske Samlaget forkjøpsrett til samlinga, og året etter at han var død, kjøpte Samlaget henne for kr 8 000, ein sum som dels var skaffa gjennom pengeinnsamling. Samlinga vart i 1925 deponert i Universitetsbiblioteket som «Norsk Boksamling, grunnlagd av Anton Aure». Stortinget bidrog med ei løyving på kr 5 000 til innbinding og konservering av samlinga.

Bibliograf[endre | endre wikiteksten]

Ved sidan av boksamlinga byrja Aure som sagt å utarbeide ein bibliografi over nynorsk litteratur. Han tok då med alle nynorske trykksaker på meir enn fire sider. Rett nok var han ikkje den fyrste som starta på eit slikt arbeid – Ingjald Kjennerud og Idius Nybø hadde gjort det før han – men Aure sitt arbeid var meir fullstendig. Sjølv rakk han å gje ut to band av Nynorsk boklista. Det fyrste bandet dekkjer perioden 1646–1915, og det andre 1916–1920. Til saman tok han med over 4 600 titlar i desse banda. Dei aller fleste titlane hadde han i si eiga boksamling. Han håpa at personsopplysningane han samla skulle leggje grunnlag for eit nynorsk forfattarleksikon.

Aure døydde av tuberkulose i 1924.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • Lauv og lyng. Smaae sogor og dikt. (Molde 1908)
  • Nokre gamle maalmenner. (Kristiania 1915.)
  • Kvinnor i den nynorske bokheimen. (Kristiania 1916.)
  • Nynorsk boklista (1916–42)
  • I 1646–1915 (1916)
  • II 1916–1920 (1921)
  • III 1921–1925 (utgjeve av Olav Dalgard, 1926)
  • Vestfoldvisor (1918)
  • Norske songar og visor (saman med Ingvar Bøhn, 1921)
  • Ungdom og bøker (1923)
  • Norsk Bladmannalag gjenom 10 aar – 1913–1923 (saman med Hans Aarnes, 1923)
  • Dei nynorske bladi. Ei stutt sogeyversyn, med biografiske upplysningar um nynorske bladmenner no (Bjørgvin, 1923)
  • Liste over skulebøker på nynorsk (1924)
  • Prestar som talar nynorsk. Stutte livssogor med ei innleiing um norsk maal i kyrkja (Risør, 1924)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Munthe, Wilhelm: Nekrolog i Nordisk tidskrift för bok- og biblioteksväsen, årgang XII (1925), s. 63–66.
  • Skard, Sigmund: «Norsk boksamling grunnlagd av Anton Aure». I Nordisk tidskrift för bok- og biblioteksväsen, årgang XV (1928), s. 47–52.
  • Idar Stegane: «Anton Aure – den nynorsk bibliografen» i Romsdal Sogelag årsskrift 1984.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]