Oblast i Ukraina

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Oblast i Ukraina.

Ukraina er delt inn i 24 administrative oblast (ukrainsk область) eller provinsar. Ukraina er ein einingsstat, så provinsane har ikkje noko særleg meir makt enn det som er nedfelt i den ukrainske grunnlova og ukrainsk rett.

Sjølv om Ukraina er ei eining og ein udeleleg stat, finst det politiske skilnader og samfunnskilnader mellom dei forskjellige områda i Ukraina. Dette kjem av at dei vestlege oblasta først vart ein del av Ukrainske SSR, eit konstituert land i Sovjetunionen, i 1939-1940, medan resten av landet var ein del av sovjetisk Ukraina sidan 1919.[1]

I lag med dei 24 oblasta har Ukraina òg ein autonom republikk (Krim) og to byar med spesialstatus (Kiev, hovudstaden, og Sevastopol, som ligg på Krimhalvøya, men som er politisk skild frå sjølve republikken). Kvar av desse regionane, og oblasta, er vidare delt inn i rajonar (distrikt), som varierer frå 11 til 27 per region Kiev er delt inn i 10,[2] medan Sevastopol berre har fire).

  1. Tsjerkasy oblast
  2. Tsjernihiv oblast
  3. Tsjernivtsi oblast
  4. Autonome Republik Krim
  5. Dnipropetrovsk oblast
  6. Donetsk oblast
  7. Ivano-Frankivsk oblast
  8. Kharkiv oblast
  1. Kherson oblast
  2. Khmelnytskyj oblast
  3. Kirovohrad oblast
  4. Kiev oblast
  5. Luhansk oblast
  6. Lviv oblast
  7. Mykolajiv oblast
  8. Odessa oblast
  9. Poltava oblast
  1. Rivne oblast
  2. Sumy oblast
  3. Ternopil oblast
  4. Vinnytsia oblast
  5. Volyn oblast
  6. Zakarpattja oblast
  7. Zaporizjzjia oblast
  8. Zjytomyr oblast

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Oblast i Ukraina