Donetsk oblast
Hopp til navigering
Hopp til søk
Donetsk oblast | |||
Донецька область, Donetska oblast | |||
oblast | |||
|
|||
Kallenamn: ukrainsk Донеччина (Donetsjtsjyna) | |||
Rajon | 18 | ||
---|---|---|---|
Byrajon | 28 | ||
Byar | 183 | ||
Landsbyar | 1124 | ||
Koordinatar | |||
Hovudstad | Donetsk | ||
Areal | 26 517 km² | ||
Folketal | 4 622 900 (2006) | ||
Folketettleik | 174 / km² | ||
Grunnlagd | 3. juni 1938 | ||
Guvernør | Andriy Stsjystsjatskyj[1] (PR[2]) | ||
ISO 3166-2 kode | UA-14- | ||
Postnummer | 83000-87999 | ||
Retningsnummer | +380-62 | ||
Bilnummer | АН, АТ, ЯН, ЕВ, ЕА, ЕК, ЕМ, ЕС | ||
Språk | ukrainsk, russisk[3] | ||
![]() Donetsk oblast | |||
Wikimedia Commons: Donetsk Oblast | |||
Nettstad: www.donoda.gov.ua www.rada.gov.ua | |||
Donetsk oblast (ukrainsk Донецька область) er eit oblast (provins) aust i Ukraina. Hovudstaden heiter Donetsk. Historisk sett har provinsen utgjort mesteparten av Donbas-området. Provinsen har eit areal på 26 500 km².
Donetsk er den mest folkerike provinsen i Ukraina, med 4,6 millionar innbyggjarar (2006). Dette skuldast nokre store industribyar og dessutan urbane område rundt desse byane. Provinsen har mykje tungindustri, blant anna kolgruver og dessutan jarn- og stålverk.
Styresmaktene i Donetsk truga med at dersom Viktor Jusjtsjenko vann presidentvalet i Ukraina i 2004, ville ein halde folkeavstemming om Donetsk skal erklære seg som ein sjølvstendig provins i Ukraina. Denne folkeavstemminga vart seinare avlyst.
Viktige byar i Donetsk oblast[endre | endre wikiteksten]
- Donetsk (hovudstad)
- Horlivka
- Jenakijeve
- Kramatorsk
- Makijivka
- Mariupol
- Slovjansk
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Donetsk Oblast» frå Wikipedia på engelsk, og «Donetsk oblast» frå Wikipedia på bokmål den 7. september 2012.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Chornobyl cleanup workers stop protests in Donetsk, Kyiv Post (12 December 2011)
- ↑ (ukrainsk) Янукович призначив нового губернатора Донецької області, Информационно-аналитический центр "ЛІГА" (12 July 2011)
- ↑ «Русский язык стал региональным в Севастополе, Донецкой и Запорожской обл.». RosBusinessConsulting. 16 August 2012. Henta 16 August 2012.