Lviv oblast
| Lviv oblast | |||
| Львівська область | |||
| oblast | |||
|
|||
| Kallenamn: Львівщина (Lvivsjtsjyna) | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Rajon | 20 | ||
| Byrajon | 9 | ||
| Byar | 78 | ||
| Landsbyar | 1849 | ||
| Hovudstad | Lviv | ||
| Areal | 21 833 km² | ||
| Folketal | 2 478 133 (1. januar 2022)[1] | ||
| ISO 3166-2-kode | UA-46 | ||
| Retningsnummer | +380-32 | ||
![]() Lviv oblast 49°43′03″N 23°57′00″E / 49.7175°N 23.95°E | |||
| Wikimedia Commons: Lviv Oblast | |||
Lviv oblast (ukrainsk Львівська область Lvivska oblast ) er ein provins (oblast) i det vestlege Ukraina. Administrasjonssenteret og største by er Lviv. I 2022 hadde provinsen 2 478 133 innbyggjarar, og eit areal på 21 833 km².
Området ligg i den historiske regionen Galizia, og har mellom anna høyrt til Polen-Litauen fram til 1775 og Austerrike-Ungarn frå 1775 til 1918. Etter første verdskrigen vart området igjen polsk, før det vart ein del av Ukraina og Sovjetunionen i 1939 som følgje av den sovjetiske erobringa av Aust-Polen.
Dei viktigaste næringsvegane i Lviv oblast er landbruk og skogbruk. Området har òg noko industri.
90% av innbyggjarar er etniske ukrainarar. Av minoritetsgrupper er russarar den viktigaste, men det er òg enkelte jødiske, polske og tyske samfunn i regionen. Det finst òg romfolk i Lviv oblast.
Viktige byar i Lviv oblast
[endre | endre wikiteksten]- Drohobytsj
- Lviv (hovudstad)
- Stryj
- Tsjervonohrad
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Чисельність наявного населення Українина 1 січня 2022» (PDF). Number of Present Population of Ukraine, as of January 1, 2022. Ukrainas statistikkbyrå.
- Denne artikkelen bygger på «Lviv Oblast» frå Wikipedia på engelsk, og «Lviv oblast» frå Wikipedia på bokmål den 8. september 2012.

