Odd Lirhus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Odd Lirhus
Fødd 18. september 1956 (63 år)
Voss
Yrke skiskyttar

Odd Lirhus (fødd 18. september 1956) er ein norsk tidlegare skiskyttar og -trenar frå Voss. Han vart verdsmeister på 20 km i 1978, og fekk året etter VM-sølv på sprintdistansen over 7,5 km. Lirhus var medlem av Voss Skiskyttarlag.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Under VM i skiskyting 1978 i Hochfilzen gjekk han til topps på normaldistansen 20 km, framom austtyskarane Frank Ullrich og Eberhard Rösch. Året etter tok han under verdsmeisterskapen i Ruhpolding ein sølvmedalje på sprintdistansen 10 km, bak førnemnde Ullrich.

Både i 1978 og 1982 fekk Lirhus VM-sølv med norsk stafettlag, medan han i 1983 fekk ein VM-bronse i same øvinga, før han avslutta med ei sølvmedalje på stafetten under Vinter-OL 1984 i Sarajevo.

Lirhus var frå 2002 til 2006 hovudtrenar for Noregs kvinne-landslag i skiskyting. Han bidrog då mykje til Liv Grete Skjelbreid Poirée si utvikling som skiskyttar, i følgje hennar eiga utsegn.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken, aktuelle årgangar