Oddbjørn Hågård

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Oddbjørn Hågård
Fødd 14. juli 1940
Død

20. februar 2013

Yrke bonde, agronom, politikar

Oddbjørn Hågård (14. juli 194020. februar 2013) var ein norsk gardbrukar og politikar frå Ørland i Sør-Trøndelag som representerte SenterpartietStortinget 1985-89.

Hågård gjekk handelsskule, landbruksskule og tok artiumkurs før han studerte til sivilagronom ved Norges Landbrukshøgskule i åra fram til 1966. Etter å ha vore lærar i to år, fekk han i 1968 stillinga som heradsagronom i Åfjord. Fire år seinare, 1972, hadde han same stillinga i Røros. Sidan var han husdyrkonsulent i kommunane Ørland og Bjugn 1974-80 og deretter heradsagronom i Ørland 1980-94, permittert den tida han var stortingsrepresentant. Hågård var frå 1970-åra brukar av garden Vestgård i Ørland.

Hågård engasjerte seg politisk for Senterpartiet og vart vald til kommunestyremedlem i Åfjord i 1971. Ved det neste kommunevalet stilte han til val i Ørland. Her vart han vald til ordførar, eit ombod han hadde åtte år 1976-83. Etter å ha hatt varamannsplass til Stortinget i fire år, vart Hågard vald til å representere Sør-Trøndelag og Senterpartiet perioden 1985–89. Han hadde sete i Landbrukskomitéen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]