Ofotens Dampskibsselskab

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ofotens Dampskibsselskab
Skipa24. juli 1912
Bransjesjøfart, kollektivtransport, transport
HovudkontorNarvik Sjå dette på Wikidata
DS «Nordnorge», tilhøyrande Ofotens Dampskibsselskab i Bodø, juni 1928
Foto: Anders Beer Wilse

Ofotens Dampskibsselskab (ODS) var eit reiarlag som vart grunnlagt 24. juli 1912 i Narvik. Føremålet var å driva lokaltrafikk på Ofotfjorden, og i 1914 fekk reiarlaget overlevert sitt første skip, DS «Barøy». I 1936 kom ODS inn i hurtigruten med skipet DS «Nordnorge». Administrerande direktør i fleire tiår var Waldemar Høy. I 1985 kjøpte ODS 68 % av aksjane i Vesteraalens Dampskibsselskab (VDS), og tok dermed over kontrollen av reiarlaget.

I 1987 vart ODS og VDS formelt slått saman, og det nye selskapet fekk namnet Ofotens og Vesteraalens Dampskibsselskab (OVDS). Reiarlagslogoen og skorsteinmerket til ODS vart vidareført i det nye reiarlaget. OVDS vart i 2006 slått saman med Troms Fylkes Dampskibsselskap (TFDS) og danna Hurtigruten Group, seinare omdøypt Hurtigruten ASE.

Flåte[endre | endre wikiteksten]

Namn Tidsrom
DS «Nordnorge» 1924-1940
DS «Barøy» 1929-1941
DS «Nordnorge» 1942-1944
MS «Barøy» 1952-1964
MS «Skogøy» 1953-1983
MS «Stjernøy» 1953-1983
MS «Tranøy» 1953-1983
MS «Tjeldøy» 1956-1973
MS «Nordnorge» 1964-1987

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]