Hurtigruten AS

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Hurtigruten AS
Hurtigruten Narvik Hovedkontor.jpg
Det tidlegare hovudkontoret i Havnegata 2 i Narvik
Foto: TorbjørnS
SelskapsformAksjeselskap OSE: HRG
Org.nr.914904633
Skipa2006
MorselskapTDR Capital
BransjeReiarlag
HovudkontorNoreg Tromsø
StyreleiarNoreg Trygve Hegnar
Adm.dir.Noreg Daniel Skjeldam
Tilsette1 757 (2013)
Nettstadwww.hurtigruten.no

Hurtigruten AS, tidlegare Hurtigruten Group ASA og Hurtigruten ASA, er eit norsk reiarlag som mellom anna opererer Hurtigruta. Selskapet vart stifta som Hurtigruten Group ASA 1. mars 2006 ved samanslåinga av Troms Fylkes Dampskibsselskap og Ofotens og Vesteraalens Dampskipsselskab, med hovudkontor i Narvik. Eigaren av reiarlaget er Silk Bidco AS, der hovudaksjonæren er det London-baserte investeringsselskapet TDR Capital.[1]

Selskapet skifta namn til Hurtigruten ASA 26. april 2007. 2. februar 2015 fekk skifta Hurtigruten ASA namn til Hurtigruten AS, og hovudkontoret vart flytta til Tromsø.[2] HRG har omtrent 3 400 tilsette, og driv og mellom anna USA og Sør-Amerika. Selskapet driftar 11 hurtigruteskip langs norskekysten. Fram til 2008 dreiv selskapet òg ferjer og snøggbåtar i Nordland, Troms og Sunnmøre, men selskapet Torghatten Nord tok over ferjene og snøggbåtane i Nordland og Troms dette året. Hurtigruten AS har òg skip i cruise i Antarktis.

Hurtigruteskip[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]