Okoumé

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Okoumé
Okoumé
Okoumé
Status
Status i verda: VU Sårbar
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Rekkje: Karplantar Tracheophyta
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Sapindales
Familie: Burseraceae
Stamme: Bursereae
Slekt: Aucoumea
Art: Okoumé A. klaineana
Vitskapleg namn
Aucoumea klaineana

Okoumé (Aucoumea klaineana), òg kalla gabon, er eit vestafrikansk høgt skogstre i familien Burseraceae. Arten er den einaste i slekta Aucoumea. Okoumétre blir typisk 30–40 meter høge, sjeldan høgare, og stammen får ein diameter på 1,0–2,5 meter.

Det gabonske riksvåpenet

Treet har ein mjuk, lys ved. Kjerneveden er brunraud til bleikrosa på farge. Han kan minna om mahogni.[1] Okoumétre er blitt eksportert til Europa for å brukast til sigarkassar, finér og anna. Treet er òg blitt nytta til å utvinna ein slags harpiks.

Okoumétreet er det viktigaste tømmertreet i Gabon. Det er avbilda på det gabonske riksvåpenet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «okoumé». Store norske leksikon (på norsk). 23. august 2023. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]