Mahogni

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Trevyrke frå
Swietenia macrophylla.

Mahogni er namnet på treslag kjenneteikna av ein vakker raudbrun farge når det er polert. Trevirket er lett å bearbeida og motstandsdyktig mot termittåtak og vatn, noko som gjorde at ein tidlegare brukte det til å laga møbler og båtar. I dag er dei fleste former for mahogni verna som truga artar av CITES-avtalen.

Namnet mahogni blei først brukt om to tretypar i den nye verda; vestindisk mahogni (Swietienia mahagoni) frå Karibia og hondurasmahogni (Swietienia macrophylla) frå Sentral- og Sør-Amerika. Seinare er det òg blitt brukt om liknande treslag frå både Afrika og Asia. Alle desse høyrer til mahognifamilien (Meliaceæ).

Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.