Oksfjorden i Finnmark

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 71°1′58.926″N 27°27′17.402″E

Oksfjorden
fjord
Oksevaag, Norway, Finnmark.jpg
Oksfjorden sommaren 2012
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Troms og Finnmark
Kommune Lebesby

Oksfjorden
70°59′14″ N 27°32′2″ E

Oksfjorden (nordsamisk Vuoksavuotna) er ein fjord på nordsida av Nordkinnhalvøya i Lebesby kommune i Troms og Finnmark. Fjorden strekkjer seg 14 km søraustover til garden Sørbotnen i botn av fjorden.

Fjorden har innløp mellom Kjelsnæringen i vest og Engelsnæringen i aust. Fjorden går på nordaustsida av Skjøtningberghalvøya. Sør for denne ligg Kjøllefjorden. Det fråflytta fiskeværet Skjøtningberg ligg på sørsida heilt ytst i fjorden, elles er det berre busetnadar inst i fjorden.

Fylkesveg 894 går langs botn av fjorden.