Hopp til innhald

Ola D. Gløtvold

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ola D. Gløtvold
Fødd1. juni 1949 (76 år)
Engerdal kommune
Statsborgar avNoreg
PartiSenterpartiet
Yrkepolitikar, bonde
Alle verv

Ola Dagfinn Gløtvold (fødd 1. juni 1949 i Engerdal) er ein norsk politikar for Sp. Han var stortingsrepresentant frå Hedmark 1993–2005, og ordførar i Engerdal i perioden 1987–1991.[1][2]

Gløtvold er utdanna ved Jønsberg landbruksskole i 1976 og har sidan drive garden Nordre Gløtvold i Engerdal.[2]

Han var vararepresentant til Stortinget i perioden 1973–1977 for ei fellesliste av Sp, KrF og V. Han sat i kommunestyret i Engerdal 1971–91, og i fylkestinget i Hedmark 1975–93, dei to siste periodane i fylkesutvalet.[1][2]

Stortingskomitéer

[endre | endre wikiteksten]
  1. 1 2 Stortinget.no - Biografi
  2. 1 2 3 Harald Hvattum. Engerdal kommune gjennom 100 år : 1911-2011. Utgitt av kommunen, 2011. ISBN 978-82-990025-7-8. Kapitlet «Ordførere i Engerdal»; side 285-293

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]