Ola Giæver

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ola Giæver
Fødd 14. juli 1885
Lyngseidet
Død

1945

Yrke politikar

Ola Krogseng Giæver (14. juli 188525. oktober 1966) var ein norsk kjøpmann og gardbrukar frå Lyngseidet som representerte Troms fylke og partiet HøgreStortinget i perioden 1925-27 og var fyrste varamann 1922-24.

Giæver var son til ein kjøpmann. Etter å ha gått mellomskulen i 1901, arbeidde han i handelen til faren på Lyngseidet. Frå 1913 var han medeigar i handelsverksemda til faren, etter 1931 eineeigar. Mellom anna eigde han då Kvitnes i Karlsøy, den største jordeigedomen i Troms fylke.

År 1907 var Giæver med å stifte Lyngen Sparebank, og var 1908-11 formann i forstandarskapet i banken, seinare styreformann 1914-21. Tida 1913 til 1925 var Giæver ordførar i Lyngen. Han var også styreformann i Lyngseidet Elektrisitetsverk A.s.

Giæver var varamann til Stortinget 1922-24 og møtte nokre få veker i slutten av 1922-sesjonen. Valperioden 1925-27 møtte han fast på Stortinget, medlem i Post- og telegrafkomiteen. I 1928 var han så med på si andre bankstifting, Tromsø Forretningsbank, ein bank han var styremedlem i til 1943. Også styremedlem 1937-48 i Lyngen Fløtemeieri, og for andre gong formann i forstandarskapet Lyngen Sparebank (1938-1945).

I november 1942 vart Giæver arrestert og sat fengsla i leiren Krøkebærsletta til jul. Han sat også fengsla frå mai til 10. juli 1943. Hausten 1944 hærsette den tyske krigsmakta eigedomen på Lyngseidet, og Giæver måtte evakuere eigedomen med innbu, husdyr og alt fór.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]