Olaf Johansen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Olaf Johansen
Fødd 30. mai 1879
Oslo
Død

20. januar 1962

Yrke havnearbeider, politikar

Olaf Josef Johansen (fødd 30. mai 1879) var ein norsk bryggje- og transportarbeidar og politikar frå Oslo. Han representerte ArbeidarpartietStortinget frå 1925 til 1945.

Olaf Johansen var son til ein italienskfødd gipsmakar i hovudstaden. Sjølv reiste han i 1893 til Slesvig i Tyskland, der han arbeidde på gardsbruk og ulike anlegg til 1898. Seinare arbeidde han på bryggjene i hovudstaden, åra 1912-14 var han formann i Kristiania yngre Bryggearbeideres Forening.

Johansen var mykje aktiv i fagrørsla, mellom anna i sju år medlem av forretningsutvalet og hovusdtyret i Norsk Transportarbeiderforbund. Med si erfaring frå forhandlingar var han i åra 1938-40 med i fleire valdgiftsrettar etter fastlåste arbeidstvistar. I tida 1929-31 var han styreformann for Drosjebilsentralen i Oslo, og medlem i Trafikkutvalet i Oslo. Han var elles i eit par periodar medlem i bystyret i hovudstaden.

Hausten 1924 vart Johansen vald til stortingsmann frå Oslo og for Arbeidarpartiet. Gjennom stendige attval vart han verande på Stortinget i tida frå 1925 til 1945. På Tinget var han 1925-30 medlem i Lønningskomiteen. Sidan hadde han plass i Administrasjonskomiteen, og var nestformann i komiteen frå 1934.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]