Olaf Knudson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Olaf Knudson
Fødd 31. desember 1915
Sigdal
Død

8. januar 1996

Yrke politikar, bonde

Olaf Knudson (31. desember 19158. januar 1996) var ein norsk gardbrukar og politikar frå Sigdal i Buskerud. Han representerte Buskerud fylke og partiet HøgreStortinget i 24 år.

Knudson var son til ein gardbrukar. Han gjekk 1933-35 skogskulen på Storhove Landbruksskule i Oppland. Dei neste åra arbeidde han heime på garden, men i tida 1939-42 var han forstkandidat ved skogbruksavdelinga på Noregs landbrukshøgskole. Han tok over farsgarden i 1942 og dreiv denne, og frå 1946 også eit eige sagbruk fram til 1976.

Knudson var medlem av heradsstyret i Sigdal frå 1945 til -67. Han var varaordførar i åra 1947-55. Ved stortingsvalet hausten 1953 vart han vald inn på Stortinget frå Buskerud, og vart attvald heile fem gongar. I sesjonane frå 1954 til 1967 var han med i Skog-, vassdrags- og industrikomitéen, nestformann 1958-65. Knudson var representanten som i 1963 fremja framlegget om mistillit til Einar Gerhardsen si regjering, og som førte til at regjeringa måtte gå av. Frå 1967 til 1975 var Knudson med i Industrikomiteen, som nestformann dei to siste sesjonane. Han avslutta tida som stortingsrepresentant med plass 1975-77 i Administrasjonskomitéen. Knudson var medlem i landsstyret til Høgre frå 1955 til 1970.

Frå 1978 til -83 var Knudson formann i Det norske Skogselskap.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]