Olaus Nicolaissen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Olaus Nicolaissen
Fødd29. desember 1846
Øksnes
Død1. februar 1924
NasjonalitetNoreg
Yrkearkeolog

Olaus Martens Nicolaissen (29. desember 18461. februar 1924) var ein norsk antikvar og arkeolog frå Øksnes.

Nicolaissen var son til ein gardbrukar og fiskar på Dyrøya i Øksnes. Sjølv gjekk han skulevegen og var i 1870-åra lærar på realskulen i Tromsø. Han tok over ansvaret for den antikvariske samlinga ved Tromsø museum og var samtidig lærar ved Tromsø seminar frå 1880 til han døydde 77 år gammal.

Nicolaissen gjorde ein stor innsats i arkeologisk grunnforsking ved å registrere fornminne frå Lurøy i sør til Sør-Varanger i nord. Dessutan stod han for ei rad utgravingar, særleg av gravhaugar. Nicolaissen samla også folkeminne, og gav ut fleire bøker med segner, soger og eventyr.

Verk[endre | endre wikiteksten]

  • Sagn og eventyr fra Nordland, 1879.
  • Sagn og eventyr fra Nordland : anden samling, 1887
  • Fra Nordlands fortid : sagn og historie, 1889
  • Fra Nordlands fortid : sagn og smaabilleder, 1891
  • Fra Nord-Norge : skisser og sagn, 1919.

Nicolaissen vart i 1922 tildelt Kongens fortenstemedalje for sitt arkeologiske arbeid.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]