Olav H. Tveito

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Olav H. Tveito
Fødd10. mars 1866
Død11. juli 1933
Verka sommusikar, treskjerar

Olav Halvorsson Tveito (10. mars 186611. juli 1933) var ein norsk gardbrukar, treskjerar og spelemann frå Vinje i Telemark. Då han døydde vart han framheva som treskjerar[1].

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Olav voks opp på garden Nordistog Tveito. Men alt i unge år laut han gå frå garden, og fela var alt han hadde att. Han vart med tida ein dugande spelemann, er det fortald, og det var sagt om han at "ein treng ikkje koma av takten når Haddvårsonen spilar". [treng kjelde]

Eivind Groven skreiv opp slåttar etter Olav Tveito kring 1920, for det meste etter minne. I det registrerte materialet finn ein fem gangarar, tre i 6/8, og to i 2/4. Materialet syner at Tveito har lagt seg etter spelet hans Lars Fykerud.

  • 29: Gausta-gubben, skriven opp 1955 etter minne (G 996). Slåtten skal vera etter Lars Fykerud. Nedstilt bass.
  • 93c: Vårlengt, skriven opp 1920 etter minne. Slenger inn på gangarane Storegut og Heggtveiten (nr 100). Slåtten er laga av Lars Fykerud.
  • 115d: Tussebruri, skriven opp 1920 etter minne (G 995).
  • 140d: Halling. Her noterer Groven: "etter Olav H. Tveito og Eilev Smedal. Skriven ned 1920 etter minne (G 602). Olav Tveito spela same form som Eilev Smedal, og Groven har høyrt slåtten av Tveito. Eilev Smedal var ikkje i Noreg på denne tida.
  • 141d: Sordølen. Nedskriven 1921 etter minne (G 573). Variant a og b er frå Setesdal, og variant c er frå Sigdal.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]