Olav Hordvik

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Olav Hordvik
Fødd 26. desember 1901
Hamre
Død

6. august 1979

Yrke politikar

Olav Hordvik (26. desember 19016. august 1979) var ein gardbrukar, bankmann og politikar frå Hamre i Hordaland som representerte VenstreStortinget frå 1954 til 1969.

Hordvik utdanna seg ved Frekhaug ungdomsskule 1918-19 og ved Stend landbruksskule 1921-23. Frå 1923 dreiv han farsgarden Hordvik. Jamsides bondeyrket var han heradskasserar i Hamre 1925-33, bankkasserar i Hamre og Aasane Sparebank 1933-43 og deretter banksjef i same sparebanken til 1965.

Hordvik var ordførar i Hamre i 1937–38, og i Åsane herad frå 1945 til 1955. Stortingsperioden 1950-53 var han innom Stortinget som vararepresentant for Venstre og Hordaland. Frå 1954 til 1969 hadde han fast plass på Tinget, medlem i Protokollkomiteen 1954-1958. I tida frå 1958 til 1969 var han medlem i Kyrkje- og undervisningskomiteen, som sekretær i den siste fireårsbolken. Perioden 1965-69 var han også sekretær i den mindre viktige Valkomiteen.

Han gav i 1975 ut Åsane Bygdebok.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Stortingsbiografi