Olavi Rinteenpää

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Olavi Rinteenpää
Statsborgarskap Finland
Fødd 24. september 1924
Helsingfors
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1952, Sommar-OL 1956, EM i friidrett 1954, EM i friidrett 1958

Olavi Osvald Rinteenpää (fødd 24. september 1924) er ein finsk tidlegare hekke- og langdistanseløpar frå Helsinki. Han sette i 1953 verdsrekord i 3 000 meter hinder og vann året etter EM-sølv i same øvinga.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Rinteenpää vart finsk meister i 3 000 m hinder i 1952, ein prestasjon han sidan gjentok i 1953, 1954, 1956 og 1958. Under dei olympiske sommarleikane i heimbyen, same sommaren som han vann sin fyrste nasjonale meistertittel, vart han fjerdemann i hinderløpet. Den 2. juli 1953 forbetra Rinteenpää verdsrekorden i øvinga med eitt sekund til 8.44,4 på nettopp olympiastadion i Helsinki. Rekorden stod seg i vel to år, til dess Jerzy Chromik frå Polen sletta den i august 1955.

I slutten av august 1954 måtte Rinteenpää sjå seg klart slått av ungararen Sándor Rozsnyói i hindertevlinga ved EM i Bern, men berga sølvmedaljen i kamp mot nordmannen Ernst Larsen. Rinteenpää var langt unna å kvalifisere seg til OL-finalen i Melbourne i 1956. To år seinare vart han nummer ni i europameisterskapen i Stockholm.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]