Oldmanelva

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Oldmanelva
elv
Kart
Oldmanelva
49°56′00″N 111°41′30″W / 49.933333°N 111.691667°W / 49.933333; -111.691667
Wikimedia Commons: Oldman River

Oldmanelva, eller Oldman River, er ei elv i sørlege Alberta i Canada. Ho renn hovudsakleg frå vest mot aust frå Rocky Mountains, gjennom Fort Macleod og Lethbridge og vidare til Grassy Lake, der ho renn saman med Bow River og dannar South Saskatchewan-elva. Denne munnar til slutt ut i Hudsonbukta.

Elva har ei total lengd på 362 kilometer (225 mi) og eit nedslagsfelt på 26 700 kvadratkilometer (10 300 sq mi).

Historie[endre | endre wikiteksten]

I 1991 fullførte styresmaktene i Alberta Oldman River Dam. Motstandarar mot utbygginga frå piikaninasjonen, leia av Milton Born With A Tooth, hadde prøvd å leia Oldman River vekk frå område der dei hadde tradisjonelle gravstader, noko som førte til væpna konfrontasjon.[1] Demningen blei bygd på møtestaden for Oldman-, Crowsnest- og Castle-elvene.

Løp[endre | endre wikiteksten]

Oldman River
Alberta rivers
Oldman River i Alberta

Frå utspringet til munningen renn desse elvene ut i Oldman:

  • Livingstone River
  • Crowsnest River
  • Castle River
  • Pincher Creek
  • Beaver Creek
  • Willow Creek
  • Belly River
    • Waterton River
  • St. Mary River
    • Lee Creek
  • Little Bow River

Natur[endre | endre wikiteksten]

Oldman River har utspring i Beehive Natural Area,[2] eit område med alpin tundra og urskog av gran- og edelgranskog. Ho renn gjennom Bob Creek Wildland Provincial Park[3] og Black Creek Heritage Rangeland.[4] Oldman Dam og Oldman River er andre område med status som Provincial Recreation Area langs elveløpet.

Oldman River inneheld fiskeartar som aure, regnbogeaure, cutthroat trout (Oncorhynchus clarkii), bull trout (Salvelinus confluentus), hybride auereartar («cutbow,» kryssingar mellom rainbow og cutthroat), mountain whitefish (Prosopium williamsoni), gjedde, walleye (Sander vitreus), lake sturgeon (Acipenser fulvescens), sugekarper, goldeye (Hiodon alosoides) og karpe.[5]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. University of Lethbridge. «Oldman River Dam». Arkivert frå originalen 24. september 2013. Henta 10. november 2006. 
  2. Alberta Community Development. «Beehive Natural Area». Arkivert frå originalen 13. august 2004. Henta 12. november 2006. 
  3. Alberta Community Development. «Bob Creek Wildland Park». Arkivert frå originalen 10. mars 2007. Henta 12. november 2006. 
  4. Alberta Community Development. «Black Creek Heritage Rangeland». Arkivert frå originalen 13. august 2004. Henta 12. november 2007. 
  5. «AlbertaFishingGuide.com: The Dependable Online Resource For Fishing In Alberta». AlbertaFishingGuide.com (på engelsk). Henta 3. februar 2020.