Ole Brumm

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kosedyra som danna grunnlaget for figurane i bøkene om Ole Brumm.

Ole Brumm, på originalspråket Winnie-the-Pooh, er hovudfiguren i ei eventyrverd dikta av den engelske forfattaren Alan Alexander Milne. Den første boka, Winnie-the-Pooh, vart utgjeven i 1926. Oppfølgjaren The House at Pooh Corner kom ut i 1928. Bøkene er blitt omsett til ei rekkje språk, fleire gonger til norsk.

I 1961 kjøpte Disney-konsernet rettar til Ole Brumm, og dei har gjeve ut ei rad med teiknebøker og filmar frå Ole Brumm si eventyrverd. Forteljingnane i dei to bøkene er òg gjevne ut som biletbøker.

Ole Brumm på sovjetrussisk frimerke frå 1988.

Figurane[endre | endre wikiteksten]

Ole Brumm er ein tøybamse som høyrer til den vesle guten Kristoffer Robin. Kristoffer Robin ber far sin fortelje ei historie for Ole Brumm. Og Ole Brumm liker best å høyre om seg sjølv. Og så får vi høyre om Ole Brumm, kaninen Petter Sprett, grisen Nasse Nøff, eselet Tussi, Ugla, Kengu, Kengubarnet og Tigergutt og dei andre vennene hans i Hundremeterskogen.

Mykje av det som står i bøkene er inspirert av røyndommen. Guten i forteljingane fekk namn etter sonen til Milne, Christopher Robin, og dyrefigurane bygde på kosedyra hans. Hundremeterskogen, eller Hundred Acre Wood som han heiter på engelsk, og andre stader i forteljingane byggjer på Ashdown-skogen i Sussex.

Norske utgåver[endre | endre wikiteksten]

Den første boka om Ole Brumm vart utgjeven i Noreg i 1932, omsett av Rikka Bjølgerud Deinboll, under namnet Ole Brumm. Oppfølgjaren frå 1928, The House at Pooh Corner, kom på norsk som Ole Brumm og vennene hans, mellom anna i 1947 omsett av Mathilde Oftedal. Ole Brumm-bøkene har sidan komme i mange utgåver. I 1974 og 1975 vart dei to bøkene fyrste gongen utgjevne i Thorbjørn Egner si omsetjing.

Ole Brumm og Nasse Nøff på eit polsk gateskilt.

Ole Brumm i ein vidare kontekst[endre | endre wikiteksten]

Ole Brumm har inspirert fleire bøker brukt til å forklara filosofi. Benjamin Hoff illustrerte idear i taoisme med figurane i The Tao of Pooh og The Te of Piglet. John T. Williams brukte Ole Brumm som bakteppe til filosofiane til Descartes, Kant, Platon og Nietzsche i Pooh and the Philosophers. Frederick Crews skreiv dei satiriske Postmodern Pooh og The Pooh Perplex der dei gjenfortalde Ole Brumm-forteljingane blei brukt til å gjera narr av tung akademisk sjargong.

I norsk samfunnsliv har det vore vanleg å snakka om «Ole Brumm-politikk» der ein i staden for å velja mellom to gode vil ha begge. Dette stammer frå svaret «'Ja takk, begge delar'» når Ole Brumm blir spurt om han vil ha mjølk eller honning til brødet. Resten av sitatet, som ofte blir utelate i denne samanhengen, er at «'det er ikkje så viktig med brødet'».

Forlaget Gyldendal Tiden delar ut Ole Brumm-prisen og forfattaren Tor Åge Bringsværd har gjeve ut fleire Ole Brumm-årbøker.