Frimerke

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Det fyrste færøyske frimerket, eit provisorium framstilt av eit eldre frimerke frå Danmark, avbilda på eit nytt frimerke frå Færøyane

Eit frimerke er ein liten papirbit utgjeve av postvesenet og blir brukt som ei kvittering på at det er betalt for sendinga. Det er med andre ord eit verdipapir med svært liten verdi. Frimerket har eit heftemiddel på baksida og blir klistra på konvolutten, postkortet eller pakka før postlegging.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Før det første frimerket vart utgjeve fanst det mange frimerkeliknande løysingar. Marquis de Longueville skapte alt i 1653 ei avgiftsremse («Billet de poste payé») for Paris sin bypost. Dette «frimerket» måtte festast ved hjelp av ein stift eller sytråd på brevet, for det var ikkje noko heftemiddel på baksida. I Storbritannia fanst det på den seinare delen av 1600-talet liknande remser. For desse «Penny-Post-Trekantmerke» var Renouard de Valayer skaparen og dei vart brukt i byposten i London. På byrjinga av 1800-talet fanst det i nokre byar såkalla «stadskuvert» (bykonvolutt) med påtrykte frimerkeliknande segl.

Tanken med det første frimerket var å endre det gjeldande regelverket. Fram til 1840 betalte mottakaren for frakta av brevet. Nå skulle avsendaren betale. Dessutan skulle brevportoen reduserast slik at også dei med mindre pengar kunne sende brev.

Den 6. mai 1840 vart det første frimerket utgjeve i Storbritannia etter eit forslag av Rowland Hill. Frimerket var pålydande 1 penny og med eit trykk av dronning Viktoria i svart. Blant frimerkesamlarar kallast merket «One Penny Black».

For motivet fekk Rowland Hill meir enn tusen teikningar, men han var misfornøgd med alle. Istaden tok han skissa frå ein mynt frå 1837 som han likte godt. Gravøren for frimerket var Henry Corbald og trykkinga skjedde i trykkeriet Perkins, Bacon Petch.

Frimerket spreier seg over heile verda[endre | endre wikiteksten]

Det første norske frimerket kom i 1855

Snart følgde andre land etter med eigne frimerke. I 1841 og 1842 kom nokre frimerke for lokale område ut i USA. I 1843 var dei første frimerka utgjevne i Brasil. Det viste seg snart at frimerke var bra reklame for heimlandet og derfor var det ofte lokale motiv på frimerka, til dømes kjende personar eller dyr.

Det første frimerket i Noreg vart utgjeve i 1855. Motivet var riksvåpenet trykt i blått og prisen var 4 skilling. Frimerket er det einaste utgjeve i Noreg utan landnamn og taggar.

Samtidig med at bruken av frimerke auka spreidde også frimerkesamling seg som hobby utover heile verda. Snart oppstod ulike samlarforeningar som jobba med å lage fagtiddskrift og frimerkekatalogar.

Fram til slutten på 1900-talet var det berre dei statlege poststyresmaktene som hadde rett til å utgje frimerke, men nå finst det òg frimerke frå private operatørar.

Frimerket sin nedgang[endre | endre wikiteksten]

Etter at frankeringsmaskina vart funnen opp og teken i vidstrekt bruk — særleg i firma og organisasjonar, men også hos posten, så har frimerket sin betydning vorte redusert. Og i dag sender privatpersonar, firma og offentlege styresmakter meir e-post enn tradisjonell papirpost. I nokre land blir frimerke i dag berre produsert for samlarar, men dei blir sett på av seriøse filatelistar som klistreetikettar og ikkje frimerke, sidan dei ikkje blir brukt i postsamanheng. I mindre statar er inntekta av desse frimerka ein viktig del av statsbudsjettet.

For å auke interessa for frimerke att har nokre statar redusert avgrensinga av motivval. I Noreg, Finland, Estland, Nederland og Austerrike finst det til dømes frimerke som kunden sjølv kan skapa. Ein sender eit foto, ei teikning eller ein logo til poststyresmaktene og det trykkast i ei prefabrikert innramming.

Kjende frimerke[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Frimerke