Ole Gunnarsson Lauvland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ole Gunnarsson Lauvland
Fødd14. juli 1839
Evje
Død11. juni 1893
Evje
Statsborgar avNoreg
Yrkebonde, bankkasserer, politikar

Ole Gunnarsson Lauvland (14. juli 183911. juni 1893) var ein norsk gardbrukar og stortingsmann frå Evje i Aust-Agder. Jørgen Løvland var bror hans.

Lauvland var kasserar i den lokale sparebanken frå 1865. Han var gardbrukar på farsgarden frå 1880. Frå 1881 til han døydde var han ordførar i Evje.

Lauvland var 1. varamann til Stortinget frå Nedenes amt i perioden 1886-88. Han møtte frå 16. mars 1888, då representanten Lars Knutson Liestøl hadde vorte statsråd.

Lauvland døydde på garden sin i 1893.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

  • Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914