Evje
Evje | |||
tettstad | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Fylke | Agder | ||
Kommune | Evje og Hornnes | ||
Areal | 3,1 km² | ||
Folketal | 2 462 (2017) | ||
Folketettleik | 794 / km² | ||
Postnummer | 4735 EVJE | ||
Preposisjon | på Evje | ||
![]() Evje | |||
Wikimedia Commons: Evje | |||
Evje er ein tettstad i Setesdal og kommunesenter i Evje og Hornnes kommune i Agder fylke. Staden ligg ved elva Otra og Riksveg 42 og Riksveg 9 møtes på Evje. Tettstaden har 2 462 innbyggjarar per 1. januar 2017.
Evje var tidlegare namnet på ein kommune som no er del av Evje og Hornnes kommune.
Den tidlegare kommunen Evje[endre | endre wikiteksten]
Evje var eigen kommune frå 1. januar 1877 til 31. desember 1959. Frå 1837 danna Evje saman med Vegusdal, Evje og Vegusdal formannskapsdistrikt. I 1877 vart området delt i to sjølvstendige kommunar. Evje kommune hadde då 870 innbyggarar.
Evje vart slegen saman med Hornnes 1. jaunar 1960 til Evje og Hornnes kommune. Ved samanslåinga hadde Evje 1 646 innbyggarar. 1. januar 1986 vart området Lislevand (gardsnummer 125) i Birkenes kommune lagt under Evje og Hornnes kommune.
Kjende personar frå Evje[endre | endre wikiteksten]
- Jørgen Løvland – politikar
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Evje» frå Wikipedia på bokmål, 16. august 2005
