Ole Olsson Lindset

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ole Olsson Lindset
Fødd 22. mars 1847
Død

21. februar 1902 (54 år)

Ole Martinus Olsson Lindset (22. mars 184721. februar 1902) var ein norsk gardbrukar og spelmann i Eide på Nordmøre.

Ole var frå garden Slatlem i Kornstad og arbeidde på farsgarden i 1865.[1] Han gifta seg til Lindset i Eide og tok over drifta av eit bruk der. Ole Olsson Lindset var «ein av dei fremste hardingfelespelarane, med ekte tradisjonelt slåttespel», skriv Arne Bjørndal i Norsk Allkunnebok VIII. bandet.

Lindset omkom på havet ved Orskjera,[2] i grenseområdet mellom dagens kommunar Eide og Averøy.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Notar