Ole Rabliås

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ole Rabliås
Statsborgarskap Noreg
Fødd 11. januar 1927
Død

18. januar 2013 (86 år)

Yrke historikar, musikar

Ole Rabliås (11. januar 192718. januar 2013) var ein norsk høgskulelærar og folkemusikksamlar frå Hemnes, busett på Nesna.

Ole Rabliås var lærar fleire stader i Nord-Noreg, sist på Høgskolen i Nesna som høgskolelektor, til han vart pensjonert i 1991. Gjennom reiser på Helgeland har han samla inn over 600 folketonar. Han har òg spelt inn melodiar gjennom gruppa «Bygdelåten». For dette arbeidet fekk han Nesna kommunes kulturpris i 1993, Nordland fylkes kulturpris i 2003 og Kongens fortenestmedalje i sølv i 2004.

Ole Rabliås har skrive boka Folkemusikk på Helgeland (Nesna lærerhøgskoles skriftserie, nr 5). Han har skrive ei rad lokalhistoriske artiklar i Årbok for Helgeland.

Kjelder:[endre | endre wikiteksten]