Nesna

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Nesna
tettstad
Nesna1.jpg
Tettstaden Nesna i framgrunnen, med Hugla (venstre), Tomma (midten) og Handnesøya (høgre) i bakgrunnen.
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Nordland
Kommune Nesna
Areal 1,11 km²
Folketal 1 375 (2017)
Folketettleik 1 239 / km²
Postnummer 8700 NESNA
Innbyggjarnamn nesnaværing
Preposisjon Nesna
Wikimedia Commons: Nesna (village)

Nesna er ein tettstad og administrasjonssenteret i Nesna kommune i Nordland fylke. Tettstaden ligg ytst på halvøya mellom Sjona og Ranfjorden, og har 1 375 innbyggjarar per 1. januar 2017.

På Nesna ligg ei avdeling av Nord universitet, tidlegare Høgskolen i Nesna, som starta som lærarskole i 1918.

Fylkesveg 17 («Kystriksvegen i Nordland») går gjennom tettstaden Nesna. Det går bilferje over Ranfjorden sørover til Låvong (Levang) i Leirfjord kommune. Elles har tettstaden ferjesamband med øyane Tomma, Handnesøya og Hugla. Nesna har fast stopp på Hurtigruta og på hurtigbåtsambandet mellom Sandnessjøen og Bodø.[1]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Sortland – tettsted». Store norske leksikon. 25. mars 2016. Henta 5. mars 2017. 
Spire Denne geografiartikkelen som har med Nordland å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.