Ole Sundby

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ole Sundby
Fødd 28. mars 1838
Død

13. desember 1905

Yrke politikar

Ole Evensen Sundby (28. mars 183813. desember 1905) var ein gardbrukar og stortingsmann frå Hedrum i Vestfold. Han sat to periodar på Stortinget for Venstre.

Sundby var son til ein gardbrukar og tok i si tid over farsgarden. I ungdomen hadde han lært seg til smed i ei bygdesmie. Han interesserte seg mykje for dette handverket og leverte landbruksreiskapar og -maskinar som han sjølv hadde konstruert. Sundby var medlem av heradsstyret i Hedrum frå 1874 til 1904, ordførar i mange år. Medlem av forlikskommisjonen 1884-1904, sparebankdirektør frå 1882.

Sundby var 4. representant frå Jarlsberg og Larviks amt på Stortinget perioden 1886-88, medlem av militærkomiteen. Valbolken 1898-1900 var han 1. varamann til Stortinget, møtte 1898-sesjonen frå 14. april i staden for Carl Michelet. Då var han medlem av næringskomite nr 2.

Han døydde ugift på garden sin i Hedrum i 1905.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

  • Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914