Ole Torgrimsson Fennefoss

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ole Torgrimsson Fennefoss
Fødd 1777
Bygland
Død

1842
Bygland

Yrke politikar, bonde

Ole Torgrimsson Fennefoss (17771842) var ein norsk gardbrukar og stortingsmann frå Bygland i Aust-Agder.

Fennefoss var son til ein gardbrukar på Hurverak i Årdal sokn i Bygland. Sjølv var han gardbrukar på Fennefoss i Bygland frå 1816? då han gifta seg med ei enkje på garden. I 1824 var han 1. representant frå Nedenes og Robygdelagets amtStortinget,[1] der han var medlem av komiteen for jordbruk og fedrift. Tolv år seinare vart han vald til 3. varamann til Stortinget.

Fennefoss var ein kjend haugianar.[2]

Han døydde på garden sin i 1842.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. PolSys, Norsk samfunnsvitenskapelig datatjeneste
  2. Nilsen, Sigrid (1985): Åttekantkirkene på Agder 1825-1850. Årsskrift for Agder Historielag, årgang 61, s.55-63. Oppgjeve av Wikipedia på bokmål.
  • Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914