Bygland kommune

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Bygland kommune
kommune
kommunevåpen
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Aust-Agder
Adm.senter Bygland
Areal 1 312 km²
 - land 1 156 km²
 - vatn 156 km²
Folketal 1 207 (1. januar 2018)
Folketettleik 1 / km²
Målform nynorsk
Ordførar Leiv Rygg (Sp)
Kommunenr. 0938
NO 0938 Bygland.svg
Wikimedia Commons: Bygland
Nettstad: www.bygland.kommune.no

Bygland er ein kommune i Aust-Agder fylke. Kommunen grensar i nord mot Valle, i aust mot Fyresdal og Åmli, i sør mot Birkenes og Evje og Hornnes, og i vest mot Åseral, Kvinesdal og Sirdal.

Bygland er også namnet på tettstaden som er kommunesenter i Bygland kommune.

Bygland er den kommunen i Aust-Agder med nest størst flatevidd. Kommunen har 7 500 daa jordbruksareal og 250 000 daa produktiv skog. Størstedelen av kommunen ligg over 700 moh. Dei lågaste områda ligg langs Byglandsfjorden og elva Otra på om lag 200 moh. Det høgaste punktet i kommunen er Røynelifjellet på 1 162 moh.

Kommunen er ein del av Setesdal, og det er i dalbotnen ein finn mesteparten av busetnaden i kommunen.

Tettstader[endre | endre wikiteksten]

I tillegg til kommunesenteret Bygland, er Byglandsfjord og Ose viktige. Av andre grender kan Grendi, Jordalsbø og Åraksbø nemnast. Byglandsfjord har dei største bedriftene og alle vanlege sørvisfunksjonar for innbyggjarane i søndre del av kommunen.

Bygland er utgivarstad for bygdeavisa Setesdølen, som kjem ut to gonger i veka.

Bilete[endre | endre wikiteksten]

Kjende personar med tilknyting til Bygland[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.