Olena Pidhrusjna

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Olena Pidhrusjna
Olena Pidhrushna 2010.jpg
Statsborgarskap Ukraina
Fødd 9. januar 1987
Legnica
Idrett skiskyting
Yrke skiskyttar, politikar

Olena Mykhajlivna Pidhrusjna (fødd 9. januar 1987) er ein ukrainsk skiskyttar, fødd i Legnica i Polen. Ho vart verdsmeister i 7,5 km sprint under VM i skiskyting 2013 i Nové Město og olympisk meister i 4 x 6 km stafett for Ukraina under Vinter-OL 2014 i Sotsji.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Pidhrusjna vann både gull-, sølv- og bronsemedalje då verdsmeisterskapen 2013 fann stad i Tsjekkia vinteren 2013. Det tok til med prikkfri skyting og siger i 6,5 km sprint, 6,4 sekundar framon norske Tora Berger. Dagen etter gjekk Pidhrusjna inn til bronse på den etterfylgjande jaktstarten. Ei knapp veke seinare måtte ankerkvinne Pidhrusjna sjå seg forbi- og frågått av Berger under innspurten på VM-stafetten, men ho berga ukrainsk sølvmedalje framom Italia.

Under vinterleikane 2014 i Sotsji var Pidhrusjnas beste individuelle plassering ein sjuandeplass i fellesstarten. Etter at Vita Semerenko, Julija Dsjyma og Valj Semerenko syrgde for at Ukraina heile vegen var med i gullstriden i 4 x 6 km stafett, var det opp til Pidhrusjna å sikre ukrainsk OL-gull. Atter viste ho seg som ein trygg skyttar, og passerte mållinja med 26 sekundar til gode på sterkaste konkurrenten, Russland.

Pr 31. januar 2016 har Pidhrusjna sju (1-2-4) individuelle pallplasseringar i verdscupen i skiskyting. VM-triumfen i 2013 er hennar einaste verdscupsiger individuelt.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]