Vita Semerenko

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Vita Semerenko

Віта Семеренко.JPG

Statsborgarskap Ukraina
Fødd 18. januar 1986
Krasnopillya
Idrett skiskyting
Yrke skiskyttar

Viktorija Oleksandrivna Semerenko[1], kjend som Vita Semerenko, (fødd 18. januar 1986) er ein ukrainsk skiskyttar frå Krasnopilija i Sumy oblast. Ho vann OL-gull på 4 x 6 km stafett, og har elles individuelt vunne fire bronsemedaljar i dei internasjonale skiskytingsmeisterskapane i tida 2011-14, samt to VM-sølv i stafett, 2008 og 2013. Også tvillingsystera Valj Semerenko er skiskyttar på høgste nivå.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Under verdsmeisterskapen i Östersund i 2008 var ho og systera Valj med på det ukrainske stafettlaget som tok sølv, einast Tyskland vart for sterke. I same meisterskapen vart ho nummer fire på fellesstarten, ein prestasjon ho gjentok under VM i skiskyting 2009 i Pyeongchang i Sør-Korea.

Si fyrste individuelle bronsemedalje vann Semerenko på 15 km under VM 2011 i Khanty-Mansijsk. Både i 2012 og 2013 tok ho bronse på 7,5 km under skiskytings-VM i høvesvis Ruhpolding og Nove Mesto. Ved VM i Nove Mesto vann både ho og tvillingsystera bronsemedaljar på 4 x 6 km stafett.

Semerenko la under Vinter-OL 2014 i Sotsji beslag på tredjeplassen for trdje gong på rad på 7,5 km. Få dagar seinare gjekk ho fyrsteetappen på Ukraina sitt lag som vart olympisk meister på 4 x 6 km stafetti. Dei andre på gullaget var Julija Dzjyma, systera Valj Semerenko og ankerkvinna Olena Pidhrusjna.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken, aktuelle årgangar
  1. ukrainsk: Вікторія Олександрівна Семеренко