Oliver H. Langeland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Oliver H. Langeland
Oliver Langeland 011.jpg
Byste av major Oliver H. Langeland. Han står på Nordfjordeid der Langeland var fødd og vaks opp. Foto: Atle Råsberg
Fødd 30. januar 1887
Død

9. februar 1958

Yrke skribent, offiser

Oliver H. Langeland (30. januar 18879. februar 1958) var ein norsk offiser, motstandsmann og sosialøkonom.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Han var fødd og oppvaksen på Nordfjordeid i Eid kommune. Langeland var ein av svært få norske offiserar som var uteksaminert frå Krigsskulen si øvste avdeling, og som kjempa aktivt mot dei tyske okkupantane og medløparane deira under andre verdskrig. Han var Milorg-sjef i Oslo og Akershus, og leia landet si største og mest slagkraftige avdeling frå 1942 til han seinsommaren 1944 måtte flykta frå landet. Frå 1945 var han avdelingssjef i Oslo likningsvesen.

Forfattarskap[endre | endre wikiteksten]

I 1948 gav han ut den kontroversielle boka Dømmer ikke som er ein skarp kritikk av norsk forsvars- og sikkerheitspolitikk på 30-tallet og spesielt Nygaardsvold-regjeringa sine handlingar før, under og etter det tyske angrepet på Norge i 1940. Langeland avviste oppfatninga om at Norge hadde vore offer for eit overraskingsangrep. Han lista i staden opp korleis den norske regjering hadde fått nærare 30 tydelege forvarsel om at eit fiendtleg militært angrep på landet var føreståande. [1] Han var svært kritisk til at regjeringa først den 9. april hadde vedteke at delvis norsk mobilisering skulle gjelda, og då attpåtil først frå 11. april.

Med kjelder frå offentlege dokument og norske rikspolitikarar sine ytringar, argumenterte Langeland for at Nygaardsvold-regjeringa hadde eit medansvar for at Norge vart vikla inn i 2. verdskrigen. Regjeringa hadde ifølge Langeland lagt landet ope for invasjon gjennom ei bevisst nedprioritering av forsvaret, openlys tryggingspolitisk naivitet og uklok utanrikspolitikk. Han anklaga fleire namngjevne personar for å forfekta pasifisme i ei tid då det aggressive nasjonalsosialistiske Tyskland var i rask vekst. Han kritiserte dessutan at norske politikarar, byråkratar, næringsliv og media tidleg hadde gått i gang med eit frivillig og uforbehalde samarbeid med okkupasjonsmakta. Dette hadde begynt allereie før kampane i Norge var avslutta. Langeland tok til orde for at dette måtte bli den sentrale del av det norske landssvikoppgjeret. Å reise riksrettssak mot regjeringsmedlemmane for å fastslå ansvaret i 1940, såg han som eit heilt naudsynt ledd i rettsoppgjeret etter krigen.

Boka skapte stor oppstand, resulterte i ei eiga stortingsmelding og vart gitt særhandsaming i statsråd under Einar Gerhardsen. Langeland vart anmeldt av myndigheitene ved riksadvokaten for injuriar, men frikjend. Retten gav Langeland medhald i at det var grunnlag for mykje av kritikken. Visse utsegner i boka vart mortifiserte, og boka vart vedteken inndrege frå marknaden. [2]

Året etter gav Langeland ut boka Forat I ikke skal dømmes. Dette er ei vidareføring av den førre boka. Her skulda han det norske rettsoppgjeret etter krigen for å vera inkonsekvent og at det urettferdig ramma «vanlege folk». Han kritiserte at norske maktpersonar som med høge samfunnsposisjonar og verv hadde hjelpt okkupasjonsmakta under krigen, ofte slapp tiltale. Mange heldt fram i stillingane sine etter 1945, også i dei tilfelle der klar tyskvenlegheit kunne dokumenterast. Langeland diskuterte i same bok den tryggingspolitiske utforminga av etterkrigstida i Norge. Han åtvara sterkt mot eit for politisk styrt militærforsvar. Ifølge Langeland var det mangel på fagmilitær handlekraft, grunna inkompetent politisk overstyring av invasjonsforsvaret, som var hovudårsaka til angrepet på Norge i 1940. Dersom ikkje denne forvaltningspraksisen vart endra, meinte han at Norge ville stå i fare for å lida ein liknande lagnad igjen.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

Bøker[endre | endre wikiteksten]

Lydbøker[endre | endre wikiteksten]

I tidsskrift - eit utval[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Langeland, Oliver H.: Dømmer ikke, Familieforlaget, 2009, ISBN 978-82-8214-071-3, s.37-41
  2. Fanebust, Frode: Krigshistorien(TM) – Toralv Fanebust og sannheten, PAX, 2009, ISBN 978-82-530-3240-5, s.197

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]