Omsetjing

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Omsetjing er å tolka eller gjeva att meininga i ein tekst som finst på eitt språk, på eit anna. Tradisjonelt vil ein omsetjar vera ein person som kan både det opphavlege kjeldespråket og målspråket det skal omsetjast til godt. I dataalderen er det blitt forska på meir automatisk omsetjing ved hjelp av dataprogram.

Målet med omsetjing er å skapa ein måltekst som gjev att same tanke, meiningsinnhald og gjerne også form eller stil som originalteksten, på ein så objektiv og rett måte som mogleg. Den overordna målsetjinga for omsetjaren er å skapa ekvivalens eller størst mogleg likskap mellom originalteksten og målteksten, samtidig som ein tek omsyn til ei rekke språklege hinder. Slike hindrande faktorar kan vera konteksten (den framande kulturen teksten er skieven i), ulike grammatikkreglar i språka, bruk av språklege verkemiddel som idiom, metaforar, allusjonar og liknande.

Det ein i dag omtalar som omsetjing føregår som regel skriftleg, medan omsetjing i munnlege situasjonar blir kalla tolking. Ein offentleg godkjent omsetjar i Noreg blir kalla statsautorisert translatør.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

EU-terminologi[endre | endre wikiteksten]