Once in Royal David's City
Salme av Cecil Frances Alexander og Henry Gauntlett | |||
Minnevindauge til Cecil F. Alexander i St Columb's Cathedral | |||
Publiseringsdato | 1848 | ||
---|---|---|---|
Tekst av | Cecil Frances Alexander | ||
Toneart | G-dur |
«Once in Royal David's City» er ein engelsk julesong som fyrst blei skrive som eit dikt av Cecil Frances Alexander. Ho gav han ut i 1848 i boka Hymns for Little Children. Eit år seinare oppdaga organisten Henry Gauntlett diktet, og skreiv melodi til teksten.[1]
Tekst
[endre | endre wikiteksten]Hymns for Little Children av Cecil Frances Alexander var ei diktsamling med føremål om å forklara delar av den apostoliske truvedkjenninga til bruk ved sundagsskular eller i heimen. «Once in Royal David's City» fortalde soga om Jesu fødsel for å forklara delen «fødd av Maria møy». Andre kjende salmar frå samlinga er «All Things Bright and Beautiful» (om «Gud Fader, den allmektige, som skapte himmel og jord») og «There is a green hill far away» (om «vart krossfest, døydde og vart gravlagd»).[2]
Alexander var gift med den anglikanske presten William Alexander, som blei erkebiskop av Armagh. Dei best kjende dikta hennar er minna i eit vindauge i St Columb's Cathedral i Derry.[3]
Melodi og moderne bruk
[endre | endre wikiteksten]Henry John Gauntlett var organist i fleire kyrkjer i London, mellom anna St Olave's i Tooley Street i Southwark frå 1827 til 1846, Christ Church Greyfriars og Union Chapel i Islington frå 1852 til 1861. Han var redaktør for fleire salmebøker, og skreiv sjølv over tusen salmemelodiar. Arrangementet hans til «Once in Royal David's City» etter melodien «Irby» er hans mest kjende.[4]
Sidan 1919 har Festival of Nine Lessons and Carols ved King's College Chapel i Cambridge byrja gudstenesta si på julaftan med dr. Arthur Henry Mann sitt arrangement av «Once in Royal David's City» som inngangssong.[5] Mann var organist ved King's frå 1876 til 1929.[6]
I Mann sitt arrangement blir fyrste verset sunge av ein gutesolist frå college-koret. Det andre verset blir sunge av koret, og kyrkjelyden syng med på det tredje verset. Bortsett frå det fyrste verset blir salmen akkompagnert med orgel.
Denne carolen var den fyrste innspelinga King's College Choir gjorde under Boris Ord for EMI i 1948.[7]
Tekst og melodi
[endre | endre wikiteksten]1 Once in royal David's city
Stood a lowly cattle shed,
Where a mother laid her baby
In a manger for his bed:
Mary was that Mother mild,
Jesus Christ her little Child.
2 He came down to earth from heaven
Who is God and Lord of all,
And his shelter was a stable,
And his cradle was a stall:
With the poor and mean and lowly,
Lived on earth our Saviour holy.
3 And through all His wondrous childhood
He would honor and obey,
Love and watch the lowly maiden,
In whose gentle arms He lay:
Christian children all must be
Mild, obedient, good as He.
4 For he is our childhood's pattern;
Day by day like us he grew,
He was little, weak, and helpless,
Tears and smiles like us he knew:
And he feeleth for our sadness,
And he shareth in our gladness.
5 And our eyes at last shall see him
Through his own redeeming love,
For that Child so dear and gentle,
Is our Lord in heaven above:
And he leads his children on
To the place where he is gone.
6 Not in that poor lowly stable,
With the oxen standing by,
We shall see him: but in heaven,
Set at God's right hand on high,
Where like stars his children crowned,
All in white shall wait around.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Hymns and Carols of Christmas
- ↑ Julian, John (1892). Dictionary of Hymnology. London: John Murray. s. 869.
- ↑ Hymns and Carols of Christmas
- ↑ Crolley, Terence; Blezzard, Judith (2004). «Gauntlett, Henry John (1805–1876), organist, organ designer, and composer». Oxford Dictionary of National Biography (online utg.). Oxford University Press. doi:10.1093/ref:odnb/10462.
- ↑ Hymns and Carols of Christmas
- ↑ Dictionary of Organs and Organists (2nd utg.). London: G. A. Mate. 1921.
- ↑ King's College Chapel, Festival of Nine Lessons and Carols Arkivert 2007-10-16 ved Wayback Machine.
- Denne artikkelen bygger på «Once in Royal David's City» frå Wikipedia på engelsk, den 23. desember 2022.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- "Once in Royal David's City" (four stanzas), hymnary.org
- "Once in Royal David's City" (audio)] på YouTube, descant by Stephen Cleobury, sung by the Choir of King's College, Cambridge